Вход на сайт

Просмотр новости

Найдите то, что Вас интересует

Stress ned utan hage

Дата публикации: 02-07-2026 09:34:40



Основное содержимое страницы с новостью.

George (29) fann løysinga i ei gammal seng.

George har ikkje alltid vore opptatt av plantar.

Men som ny student på ein liten hybel, følte han seg litt einsam.

Da fekk han idéen om å starte eit prosjekt med vener.

Det er her senga kjem inn i bildet.

Her står ho, utanfor ein kafe på Svartlamon i Trondheim.

George og venene kjøpte skuvesenga på ein gjenbruksbutikk.

I botnen la dei ein gammal trampoline.

Og så fylte dei senga med jord.

– Det er ikkje alle som har tilgang på grønt areal, særleg unge folk. Da må ein berre finne kreative løysingar.

Frø fekk dei låne på biblioteket, fortel George. Og rause naboar gav dei plantar.

Ein urban hage kan nesten vere gratis.

At plantar kan senke stress, har du kanskje høyrt før.

No fortel ein studie om ein heilt konkret tendens:

Personar som gjer hagearbeid minst to gonger i veka, rapporterer om lågare opplevd stress, enn dei som hagar sjeldnare eller ikkje i det heile.

– Det gir ein følelse av energi som nesten er ekstatisk til tider. Og stabil glede over tid.

Men om du ser på luking som ei plikt, vil ikkje hagearbeid ha nokon terapeutisk effekt på deg, fortel studien.

Likevel finst det håp – også for deg som ikkje har grøne fingrar!

Dette er Anders Røyneberg.

Han er agronom, terapeut – og plantebokforfattar.

Fem tips frå Anders for å lykkast:

1. Legg lista lågt

Senk forventningane. Dropp perfeksjonen.

Høge forventningar kan gi mykje jobb, og det er lett å bli skuffa om du ikkje når idealet.

2. Mørkegrøne plantar

Ingen balkong? Stueplantar med mørk grøn farge treng mindre lys, og greier seg mykje betre gjennom dei mørke vintermånadene.

3. Vel robuste urter

Sats på hardføre krydderplantar som timian, oregano eller salvie, for å unngå å miste motet med ein gong.

Dei toler mykje og smakar godt i maten.

– Ta deg nokre minutt, kanskje om morgonen, og sjå etter små endringar på ein plante.

4. Ta på plantane dine

Når du tar på ein plante, skil kroppen din ut stoff som gjer deg rolegare og gladare.

Planten blir stimulert og vil vekse betre når du tar på han.

5. Ikkje gi opp..

sjølv om ein plante døyr.

Å drive med hagearbeid krev erfaring. Hald ut til du har funne dine eigne favorittar.

Det vil gi deg ein god følelse av meistring.

George veit godt at det ikkje er alle stader ein berre kan sette ei skuveseng med spirar, eller ein kommode med stemor i skuffen.

– Men nokre pallekasser med plantar tippar eg går heilt fint!

Схожие новости

#Наименование новостиТональностьИнформативностьДата публикации
1Så nært er du ikke vant til å se kroppen01027-05-2026
20016-02-2026
30016-02-2026
40016-02-2026
5Correction: Changes in Stress Following Wage Increases for Early Childhood Educators01015-07-2026
6RSC02.509-05-2026
7Så lite kan du jobbe01014-06-2026
8Inns North01024-07-2026
9Studier tyder på at vi stadig snakker mindre med hverandre01027-04-2026
10DuD Recht01014-07-2026

Классификация: . Схожих патентов: 0. Схожих новостей: 10. Тональность: 0. Информативность: 10. Источник: www.nrk.no.