Вход на сайт

Просмотр новости

Найдите то, что Вас интересует

Vil løyse bustadmangel i Finnmark: – Dei som flyttar, sel ikkje husa sine

Дата публикации: 06-10-2026 18:39:48

Trass i befolkningsnedgang er det bustadmangel fleire stader i Finnmark. For at fleire folk skal flytte til fylket, må ein gjere det enklare å bygge nytt, seier næringssjef.

Основное содержимое страницы с новостью.

– Det skjer mykje satsing på nordområda. Folk har lyst å flytte hit, bu her og ikkje minst bli her. Da treng vi fleire hus.

Det seier Anders Faanes, næringssjef i Finnmark fylkeskommune.

Han forklarer at det er bustadmangel fleire stader i fylket, sjølv om det ikkje bur så mange folk her.

Anders Faanes, næringssjef i Finnmark fylkeskommune, trur Finnmark vil få fleire arbeidsplassar dei neste åra. Dermed aukar behovet for bustader.

Foto: Assessit / Finnmark fylkeskommune

– Ein tenker kanskje at det er mykje hus i Finnmark og lite folk. Men dei folka som har flytta herfrå vil ikkje selje husa sine, men ha dei som fritidsbustader.

Når det ikkje er så mange ledige hus, er neste alternativ å bygge nye. Men i dag kan dette vere ein stor økonomisk risiko, meiner næringssjefen.

– Huset er mindre verdt den augeblinken du flyttar inn enn prisen du har betalt for å bygge det. Dette er ei litt større utfordring i Finnmark enn i resten av landet og noko vi må løyse saman.

Vil ha mindre risiko

Denne veka er Faanes med på ei samling i Lakselv med kommunar, bankar, utbyggarar og grunneigarar, for å finne ut korleis problema rundt bustadmangel kan løysast.

Partane greier blant anna ut ei ordning for lån, tilskot eller garanti for auka bustadbygging saman med Husbanken.

– Vi vil finne løysingar som gjer at dei som tar sjansen og flyttar hit med familien sin og bygger hus, slepp å ta ein for stor risiko, seier Faanes.

Skal hjelpe heile landet

Kommunal- og distriktsminister Bjørnar Skjæran (Ap) gir verken eit ja eller nei til om han vil støtte ei slik ordning.

Men han påpeikar at regjeringa har gjort fleire ting for å auke bustadbygginga i heile landet.

– Alle dei grepa vi tar, vil ha noko å seie også i Nord-Noreg, seier Skjæran.

Kommunal- og distriktsminister Bjørnar Skjæran (Ap).

Foto: Hallgeir Aunan / NRK

Ministeren peikar blant anna på at 1 milliard kroner er sette av i Husbanken til kommunar i sentralitetsklasse 5 og 6.

Dette gjeld nesten alle kommunane i Finnmark, bortsett frå Alta og Hammerfest.

Regjeringa har også løfta låneramma i Husbanken frå 19 milliardar til 34 milliardar kroner i 2026, seier ministeren.

Krev samarbeid

Næringssjefen i fylkeskommunen seier han vil sjå på kva slags ordningar Finnmark kan få ut av dei satsingane Skjæran trekker fram.

– Vi er på ingen måte ferdige med korleis ordninga kjem til å sjå ut. Vi jobbar med å få redusert risikoen som gjer at folk kan flytte opp hit, seier Faanes.

For å finne ei løysing, er det viktig at alle partane samarbeider, meiner han.

– Eg er veldig opptatt av at vi ikkje skal peike på kvarandre og seie at den eller den har ansvaret, men vi må finne dei beste løysingane saman.

Publisert 06.10.2026, kl. 20.39 Oppdatert 07.10.2026, kl. 08.55

Схожие новости

#Наименование новостиТональностьИнформативностьДата публикации
1– Det går an å bygge uten å være millionær07.917-09-2026
2Stoltenberg før budsjettet: – Fortsatt for mange som sliter09.1506-10-2026
3– Vi klarte ikke å nedbemanne fort nok01027-09-2026
4Litt motvillig reddet ekteparet bygget fra riving: – Klarte ikke å la være.08.405-10-2026
5Statsbudsjettet: 54 millioner ekstra til bekjempelse av pukkellaks014.9307-10-2026
6Nye nedbørs­rekorder: – Det gir seg snart, hold ut09.1105-10-2026
7Rødt-leder i Tromsø raser mot statsbudsjettet: – En skam011.4307-10-2026
8Nytt bygg i Trondheim: – Jeg måtte gni meg i øynene06.6927-09-2026
9Sametinget krever 767 millioner kroner ekstra før statsbudsjettet012.4906-10-2026

Классификация: Недвижимость. Схожих патентов: 0. Схожих новостей: 9. Тональность: 0. Информативность: 7.23. Источник: www.nrk.no.