Etter ønske frå forsvararane har den omfattande fiskerikrimsaka i Nord-Troms flytta seg ut av rettssalen og ut på kaia.
– Eg meiner det er veldig viktig at retten får ei forståing av det praktiske, og korleis det reelt sett er å jobbe her, seier forsvarar Reidar Andresen, som representerer Karlsøybruket.
I dag møtte heile retten i Nord-Troms og Senja tingrett opp på Vannøya i Troms.
Karlsøybruket held til på Vannøya i Troms.
Både aktoratet, dommarane, forsvararane, representantar for Karlsøybruket, Fiskeridirektoratet og fire av dei tiltalte deltok på ei planlagd synfaring ute på Karlsøybruket.
Forsvarar Reidar Andresen meiner rettsforhandlingane må ta utgangspunkt i verkelegheita ute på kaia.
Foto: Sara Nå Aga / NRKÅtte personar står tiltalt for systematisk feilrapportering og organisert kriminalitet i fiskerinæringa, i ei sak der påtalemakta meiner det manglar vegesedlar for fisk til ein verdi av 164 millionar kroner.
I tillegg har Karlsøybruket og tre reiarlag fått millionar i inndragingsførelegg.
Karlsøybruket som held til på Vannøya i Troms.
Foto: Sara Nå Aga / NRKForsvararane understrekar at turen til Vannøya er heilt avgjerande for at retten skal skjøne arbeidsforholda og tempoet på kaia.
Alt frå mottak av fisk, veging, sløying og logistikk på kaia.
– Det er rett og slett for at ein skal få et bilde på korleis dette fungerer i praksis, seier advokat Thomas Hansen, som representerer den eine kaiformannen.
Forsvarar Thomas Hansen seier synfaringa er heilt avgjerande for at retten skal skjøne arbeidsforholda på kaia.
Foto: Sara Nå Aga / NRKAdvokat Andresen meiner rettsforhandlingane må ta utgangspunkt i verkelegheita ute på kaia.
– Praktisk tilnærming er heilt sentralt i botnen, og så får ein ta teori og papir deretter, seier Andresen.
Påtalemakta meiner det manglar vegesedlar for fisk til ein verdi av 164 millionar kroner.
Foto: Sara Nå Aga / NRKFagdommarane observerer arbeidet på kaia på Karlsøybruket.
Foto: Sara Nå Aga / NRKMedeigar i Fjordlaks, Amund Pedersen, viser retten rundt på fiskemottaket.
Foto: Sara Nå Aga / NRKKarlsøybruket held til på Vannøya i Troms.
Foto: Sara Nå Aga / NRKAktor Tor Børge Nordmo meiner synfaringa er viktig for å unngå spekulering.
– Det er først og fremst for å få sjå reint praktisk korleis det føregår, så ein slepp å spekulere i ting etterpå.
– Det er mykje enklare å sjå det sjølv med eigne auge, seier aktor Tor Børge Nordmo.
Aktor Tor Børge Nordmo seier det er enklare å sjå det med eigne auge, i staden for å spekulere.
Foto: Sara Nå Aga / NRKForsvarar Magnhild Meringen peikar på at synfaringa viser både profesjonaliteten og det høge tempoet dei tilsette jobbar under.
I tillegg legg ho ikkje skjul på at den langvarige saka har hatt sin pris for hennar klient.
– Min klient kjenner seg overhovud ikkje igjen i beskrivinga i tiltalen. Etterforskinga har gått føre seg i over tre år, i tillegg til ein så langvarig rettssak.
– Det er frykteleg belastande, både personleg og inntektsmessig, seier Meringen.
Forsvarar Magnhild Meringen, som representerer ein av fiskarane, seier rettssaka har vore belastande for klienten hennar.
Foto: Sara Nå Aga / NRKKarlsøybruket står tiltalt for omfattande feilrapportering i perioden 2018–2023, der det skal vere underrapportert fisk for nærare 20 millionar kroner. Bedrifta har nekta å godta ei bot på 15 millionar kroner og eit inndragingskrav på 19 millionar kroner.
Saka fortset i tingretten utover hausten, der det totalt er sett av fire månader til forhandlingane. Alle dei tiltalte nektar straffskyld etter tiltalen.
Påtalemakta sin hovudmann
Kaiformann på Karlsøybruket på Vannøya i Troms
Førte eller medverka til uriktige opplysningar på sluttsedlar ved landing og omsetning av fangst frå ulike fiskefartøy, ifølgje påtalemakta
Tilknytt Karlsøybruket på Vannøya i Troms
Førte eller medverka til uriktige opplysningar på sluttsedlar ved landing og omsetning av fangst frå ulike fiskefartøy, ifølgje påtalemakta
Fiskar og fiskebåtreiar i eige selskap i Troms
Påtalemakta meiner han førte eller medverka til feilaktige opplysningar på sluttsedlar
Feilrapporteringa skjedde, ifølgje påtalemakta, i eit organisert og systematisk samarbeid med kaiformennene

Fiskar og fiskebåtreiar i eige selskap på Sunnmøre
Påtalemakta meiner han som dagleg leiar lot vere å føre, eller sørgje for at det vart bokført, fullstendig og korrekt reknskap for selskapet
Påtalemakta meiner han underrapporterte fangst på sluttsedlar
Opptrådte som fiskar og mannskap på eige og andre sine fartøy, ifølgje påtalemakta, i eit innbyrdes samarbeid om over- og underrapportering på sluttsedlar
Feilrapporteringa skjedde, ifølgje påtalemakta, i eit organisert og systematisk samarbeid med kaiformennene
Fiskar og fiskebåtreiar i eige selskap i Romsdal
Påtalemakta meiner han overrapporterte fangst på sluttsedlar
Opptrådte som fiskar og mannskap på eige og andre sine fartøy, ifølgje påtalemakta, i eit innbyrdes samarbeid om over- og underrapportering på sluttsedlar
Feilrapporteringa skjedde, ifølgje påtalemakta, i eit organisert og systematisk samarbeid med kaiformennene
Påtalemakta meiner han underrapporterte fangst på sluttsedlar
Opptrådte som fiskar og mannskap på eige og andre sine fartøy, ifølgje påtalemakta, i eit innbyrdes samarbeid om over- og underrapportering på sluttsedlar
Feilrapporteringa skjedde, ifølgje påtalemakta, i eit organisert og systematisk samarbeid med kaiformennene
Inndragingsforelegg: 209 000 kroner
Publisert 06.10.2026, kl. 18.20
| # | Наименование новости | Тональность | Информативность | Дата публикации |
|---|---|---|---|---|
| 1 | Verdens hav har ikke nok fisk til å mette norsk oppdrettslaks | 0 | 9.18 | 06-10-2026 |
| 2 | Ap-ordførere i Nord-Troms misfornøyde med egen regjering: – Kampen er ikke over | 0 | 18.04 | 07-10-2026 |
| 3 | Slik blir det nye Fisketorget. Åpner 1. mai. | 0 | 13.78 | 05-10-2026 |
| 4 | NFF måtte ta nytt grep – cupkamper flyttes med fire måneder | 0 | 14.17 | 07-10-2026 |
| 5 | Tatt på fersken i fremmed bil – fant flere verdisaker | 0 | 10 | 27-09-2026 |
| 6 | Dømt til fengsel etter båtulykke | 0 | 7.68 | 02-10-2026 |
| 7 | Se Nordnytt: Krever ny bru på E6 i Sør-Varanger | 0 | 10 | 06-10-2026 |
| 8 | No skal kong Haakon ut i landet – hit går den fyrste reisa | 0 | 6.75 | 07-10-2026 |
| 9 | Норвежский суд получил запрос на слушание по делу "Профессора Молчанова" | 0 | 10.91 | 29-09-2026 |
| 10 | Норвежский суд согласовывает дату слушания по делу судна "Профессор Молчанов" | 0 | 8.98 | 05-10-2026 |