Вход на сайт

Просмотр новости

Найдите то, что Вас интересует

Gode rutiner med politiattest i produksjonsselskapa

Дата публикации: 03-02-2026 07:50:10

Produksjonsselskapa har gode rutinar for å hente inn politiattest for medarbeidarar som skal jobbe med barn. Det er Medietilsynets konklusjon etter at dei har ført tilsyn med forholda hos eit breitt utval av aktørar.

Основное содержимое страницы с новостью.

  1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyhetssaker

Nyhetssaker

Bilde fra inngangspartiet til Medietilsynets kontor. Det er grønn vegg og to grønne planter, og på et hvitt felt på veggen står Medietilsynets logo øverst.

Produksjonsselskapa har gode rutinar for å hente inn politiattest for medarbeidarar som skal jobbe med barn. Det er Medietilsynets konklusjon etter at dei har ført tilsyn med forholda hos eit breitt utval av aktørar.

Medietilsynet førte mot slutten av 2025 tilsyn med 22 produksjonsselskap som produserer program eller seriar for kringkastarar og tilbydarar av audiovisuelle bestillingstenester. Det blei ikkje avdekt brott på reglane i tilsynet.

– Tilsynet viser at produksjonsselskapa har god kjennskap til regelverket, og at dei har etablert og følgjer opp rutinar for å innhente politiattest av tilsette som har regelmessig kontakt med barn og unge, seier Hanne Sekkelsten, direktør for juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet.

Det er kringkastingslova som pålegg kringkastarar, tilbydarar av audiovisuelle bestillingstenester og produksjonsselskap å krevje politiattest av medarbeidarar dersom arbeidsoppgåvene inneber regelmessig kontakt med mindreårige. Medietilsynet har altså ansvar for å kontrollere at reglane blir etterlevde.

Gode rutinar fungerar etter intensjonen

Tilsynet viser at dei selskapa som har produksjonar der personell har regelmessig kontakt med mindreårige, har rutinar for innhenting av politiattest. Selskap som ikkje har eller planlegg produksjonar med mindreårige, opplyser at dei vil etablere slike rutinar dersom dette endrar seg.

Blant dei selskapa som hadde produksjonar i 2025 der personell hadde regelmessig kontakt med mindreårige, blei det innhenta politiattestar i alle tilfelle. Ingen fekk avslag på søknad om politiattest, og ingen personar blei utelukka frå produksjonar som følgje av opplysningar i attestane.

– Tilsynet viser at bransjen i stor grad tar regelverket på alvor. Det er roande at politiattest er godt innarbeidd som del av arbeidet rundt barn og unge i audiovisuelle produksjonar, seier Sekkelsten.

Tilsyn med innhenting av politiattestar:
  • Krevst i kringkastingslova av kringkastarar, tilbydarar av audiovisuelle bestillingstenester og produksjonsselskap som har regelmessig kontakt med mindreårige.
  • Medietilsynet har ansvar for å føre tilsynet.
  • Kontrollen i 2025 omfatta 22 produksjonsselskap.

  Abonner på nyheter (RSS)

Схожие новости

#Наименование новостиТональностьИнформативностьДата публикации
1The West Severely Miscalculated The Geopolitical Ramifications Of The War In Ukraine0027-02-2023
2Билибино: Вечер 31 окт, Ср0030-10-2018
3ABC: Трамп рассматривает возможность отставки главы аппарата Белого дома0013-11-2018
4Агидель: Ночь 20 дек, Чт0019-12-2018
5Багаевская: Ночь 18 дек, Вт0017-12-2018
6Антон Чиж Машина страха Рецензия на книгу Антона Чижа «Машина ...0021-02-2025
7Багаевская: Утро 18 дек, Вт0017-12-2018
8Глава 13 "Подозрения и Обман": Джокер и голубь с большой ...0021-02-2025
9В Кузнецке прошел городской конкурс «А ну-ка, парни!»0021-02-2025
10☝Мамы, хотите действительно отдохнуть и не думать как накормить любимых, ...5629-06-2026

Классификация: Экономика. Схожих патентов: 0. Схожих новостей: 10. Тональность: 0. Информативность: 5. Источник: www.medietilsynet.no.