Arrangørane bak det store motorarrangementet i Målselv frykta dei måtte avlyse ti dagar før bilmoroa starta. No har dei fått hjelp sørfrå.
Norges råeste bakkeløp har vore i ei frivilligknipe.
Tidlegare denne veka gjekk dei ut i lokalavisene og i sosiale medium og etterspurde fleire frivillige.
Dei mangla 50 personar for å kunne bidra til å halde sikkerheita og tryggleiken for publikum og førarar på bilarrangementet som går over fleire dagar.
– Vi har sikkerheita i førarsetet for både førarar og publikum. For dette er risikosport, og vi vil ikkje at nokon skal bli skada. Så vi er nøydt å ha på plass nok frivillige. Elles hadde vi ikkje kunne køyrd.
Det seier dagleg leiar for Norges råeste bakkeløp, Jan Helge Nilssen.
Får hjelp frå inn- og utlandMotorsportarrangementet som avsluttast med billøp opp bakkane i Målselv fjellandsby, trekk et publikum mellom 15.000 og 17.000 menneske.
Sidan arrangøren bad om hjelp på måndag, har folk meldt seg.
– Vi har fått enormt med oppslutning. Talet har tredobla seg. Vi må berre takke alle saman.
Dei hadde sett torsdag klokka 16 som siste frist for å ta avgjerda om avlysing. Men allereie i går kunne dei bestemme seg.
– Det blir billøp, seier Nilssen.
Nilssen understrekar at dei framleis ønsker seg fleire frivillige.
Dei treng framleis frivillige til mellom anna billettsal. Bildet er frå i fjor.
Foto: Norges Råeste BakkeløpDei frivillige som meldte seg i tolvte time er ikkje berre lokale.
– Dei kjem frå nord og sør, og frå inn- og utland.
Nilssen fortel at ein engelskmann som er på besøk på Bardufoss stiller. Det gjer også folk heilt utan interesse for sporten.
– Ei dame frå Senja ringde og sa ho ikkje var interessert i motorsport og aldri hadde vore på bakkeløpet. Men ho syntest arrangementet burde få leve vidare, så ho meldte seg, fortel Nilssen.
Bilar og publikum i Målselv fjellandsby under Norges Råeste Bakkeløp i fjor.
Foto: Henrik Stueland / Norges Råeste BakkeløpNokre av dei frivillige er også meir kjend enn andre.
– Da vi begynte å leite etter fleire frivillige, mobiliserte vi gjennom nettverket til førarane. Ein av dei som meldte seg da, er Rune Rudberg. Det er veldig stas, samtidig som han er ein frivillig som alle andre.
Rune Rudberg stilte i fjor i Melodi Grand Prix. Om ti dagar er han frivillig på Norges råeste bakkeløp.
Foto: NTBHan seier at fylkespolitikar Håkon Vahl også har meldt seg denne veka.
Som alle dei andre, bidrar dei heilt gratis.
– Hos oss er alle frivillige, og ingen er lønna for å stille opp. Sjølv eg er frivillig, seier den daglege leiaren.
– Har dykk vurdert å gi ei lita lønn, om det blir vanskeleg å få folk til å melde seg også til neste år?
– Vi skulle gjerne har gjort det. Men vi har ikkje økonomi til å gjere det. Kostnadane for alle arrangørane har skote i vêret for alle dei tinga du må ha på plass for å kunne lage ei fin ramme rundt han.
Rune Rudberg er ein habil Short-car køyrer.
Publisert 02.07.2026, kl. 09.59 Oppdatert 02.07.2026, kl. 10.16
| # | Наименование новости | Тональность | Информативность | Дата публикации |
|---|---|---|---|---|
| 1 | Профессиональные механики помогут подготовить велосипеды к старту велофестиваля в Москве | 0 | 0 | 11-09-2019 |
| 2 | Helstrup på plass i Malmö: Svarte på Rosenborg-spørsmål | 0 | 5 | 02-07-2026 |
| 3 | Kjørte fire ganger så fort som fartsgrensen! | -2 | 3 | 09-07-2026 |
| 4 | Kulturministeren åpner Riddu: – Viktigere enn noen gang | 5 | 7 | 02-07-2026 |
| 5 | Slik vil Miss Norway-finalisten redde liv | 5 | 7 | 01-07-2026 |
| 6 | Isbjørn skutt på vei inn i hytte | 0 | 5 | 02-07-2026 |
| 7 | Her lager de propeller for både ferger og cruiseskip | 0 | 7.72 | 07-07-2026 |
| 8 | Nå blir det turistskatt – men turister som Floriane slipper unna | 0 | 5 | 01-07-2026 |
| 9 | Марш Победы с участием норвежцев и россиян стартовал в Мурманской области | 0 | 0 | 12-09-2019 |
| 10 | Legger ut vedteig i urbane strøk: – Vi gror igjen! | 5 | 7 | 02-07-2026 |