Tromsø kommune og Nav bryt lova i saker om mellombelse bustadar.
– Tromsø kommune nyttar seg av mellombelse butilbod i større grad enn det dei burde gjere.
Det seier fylkeslege i Troms og Finnmark, Anne Grethe Olsen.
Statsforvaltaren har gjort tilsyn av Tromsø kommune sine tilbod av mellombelse bustadar. Konklusjonen er at leiinga i kommunen ikkje har prioritert å få på plass mange nok kommunale bustadar for vanskelegstilte.
Fylkeslege Anne Grethe Olsen meiner lovbrota er alvorlege, spesielt når barn og unge er involvert.
Foto: Håkon Iversen / NRKDet same tilsynet avdekka også fleire lovbrot i saksbehandlinga hos både kommunen og hos Nav.
Fylkeslegen meiner det spesielt er utfordringar i saker der barn og unge er involvert. Det er problematisk, meiner ho.
– Folk bur der lenger enn tre månadar og det er ikkje ein god nok plan for kva som skal skje vidare.
– Er det alvorleg?
– Når det gjeld barn og ungdom, så er lova absolutt på at dei tre månadane ikkje skal overskridast. I Tromsø kommune har ein jo gjort det, så det er alvorleg.
Nav innrømmer lovbrotKommunen har ein plikt til å hjelpe folk med tak over hovudet i akutte situasjonar. Dette gjer dei saman med Nav.
Geir Jakobsen leiar Nav i Tromsø. Han seier situasjonen og lovbrota er krevjande.
– Dette er det nærmaste vi kjem at Nav har ein AMK-funksjon. For vi har korte fristar på å hjelpe dei som treng hjelp. Vi skal gje dei tak over hovudet allereie same dagen. Og det er ei ganske krevjande øving i ein marknad som har så lite bustadar tilgjengeleg.
Geir Jakobsen er Nav-leiar i Tromsø og seier dei er i ein skvis.
Foto: Simen Wingstad / NRKStatsforvaltaren meiner Nav gjer vedtak om mellombels butilbod for seint. Dette skal normalt sett gjerast før folk flyttar inn, men i ein del tilfelle har dette blitt gjort etter innflytting.
Nav-leiaren meiner dei har vore i ein skvis: Dei må velje mellom å følgje lova til punkt og prikke eller å få folk inn i bustadar raskt nok.
– I den situasjonen vi har hatt no, kor det har vore stor pågang etter mellombels bustad, så har vi vore nøydd til å gjere nokre vanskelege prioriteringar.
Han utdjupar:
– Vi har sørgja for at folk har fått tak over hovudet allereie same dag. Det har også resultert i dette lovbrotet på saksbehandlinga i desse sakene.
Tromsø kommune: – Ei flokeOppfølginga av folk for å hjelpe dei inn i ein meir permanent bustad har også vore for dårleg.
Fylkeslege Anne Grethe Olsen understrekar alvoret og ber dei involverte vere obs på fleire ting.
Vurderingane har heller ikkje kome fram i vedtaka, og klageretten har heller ikkje vore reell.
– Det svekker jo rettstryggleiken at ein ikkje følgjer det lovkravet. Det skal stå i vedtaka kva du har rett på, og det gjer ikkje nødvendigvis det heller.
Tromsø kommune har no fått frist på seg til å kome opp med ein plan ved utgangen av juni, og alle lovbrot må ryddast opp i innan utgangen av året.
Per Angermo er direktør for helse og omsorg i Tromsø kommune, og seier kommunen er godt i gang med å rydde opp.
Per Angermo i Tromsø kommune seier dei jobbar med å få løyst problemet, på kort og lang sikt.
Foto: Håkon Iversen / NRKVedtak i kommunestyret har gjort at dei får fleire bustadar ut i marknaden. Nyleg har dei også fått overført 7 millionar kroner frå Nav Tromsø til Tromsøbolig KF for å leige fleire bustadar.
– Vi sett ned innsatsgrupper beståande av Tromsø kommune, Nav, Tromsøbolig KF og Husbanken, for å få løyst denne floka på kort og på lang sikt, og forhåpentlegvis permanent, seier Angermo.
Publisert 02.07.2026, kl. 06.39 Oppdatert 02.07.2026, kl. 06.55
| # | Наименование новости | Тональность | Информативность | Дата публикации |
|---|---|---|---|---|
| 1 | Tromsø kommune holder ikke offentlig VM-fest | 0 | 5 | 02-07-2026 |
| 2 | Brevik-saken: Avhør ga ingen svar | 0 | 0 | 09-07-2026 |
| 3 | Legger ut vedteig i urbane strøk: – Vi gror igjen! | 5 | 7 | 02-07-2026 |
| 4 | Bjørnen går rett forbi reinflokken – fått avslag på felling | -2 | 6 | 01-07-2026 |
| 5 | Nordnytt: Fisket i gang igjen etter ti år | 0 | 5 | 01-07-2026 |
| 6 | В Дагестане завели дело о халатности при покупке квартир для сирот | 0 | 0 | 27-02-2025 |
| 7 | Nå blir det turistskatt – men turister som Floriane slipper unna | 0 | 5 | 01-07-2026 |
| 8 | Politiet har vokst ut av lokalene sine | 0 | 5 | 02-07-2026 |
| 9 | В отношении должностного лица одного из районов Якутии возбудили дело из-за лесных пожаров | 0 | 0 | 02-08-2019 |
| 10 | Чиновника в Дагестане подозревают в махинациях при выделении жилья сироте | 0 | 0 | 08-08-2019 |