Regjeringa, gjennom Forskingsrådet, lyser våren 2026 ut 90 millionar kroner til forsking på kvinnehelse. Midlane skal gå til å etablere eit nasjonalt nettverk for kvinnehelseforsking og til prosjektmidlar med særleg vekt på plager i overgangsalderen.
Regjeringa, gjennom Forskingsrådet, lyser våren 2026 ut 90 millionar kroner til forsking på kvinnehelse. Midlane skal gå til å etablere eit nasjonalt nettverk for kvinnehelseforsking og til prosjektmidlar med særleg vekt på plager i overgangsalderen.
– Kvinner er om lag halve befolkninga, og det er eit stort behov for meir kunnskap om kvinners helse gjennom heile livsløpet. Plager i overgangsalderen har mykje å seie for kvar enkelt kvinne og for samfunnet, men likevel er det forska for lite på dette. Derfor er eg glad for at det skal lysast ut 90 millionar til målretta forsking for betre kvinnehelse, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.
– Både i Noreg og internasjonalt blir innsatsen styrkt på kvinnehelseforsking, og det trengst. Arbeidarpartiregjeringa har store ambisjonar om å auke den felles kunnskapen vår om kvinnehelse, og med denne satsinga tek vi eit stort steg i rett retning, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland.
Sterke fagmiljøKvart år går rundt 27 000 norske kvinner inn i overgangsalderen, og mange opplever symptom som påverkar livskvalitet og arbeidsevne. Gjennom ei omfattande kartlegging av dagens forskingslandskap og dialog med ei rekkje fagmiljø, peikar Forskingsrådet på at Noreg har fleire sterke miljø innan kvinnehelse. Samtidig er feltet prega av fragmentering, svak koordinering og tydelege tematiske skeivskapar. Forskinga er i dag i stor grad konsentrert om reproduksjon og fødsel.
Innføringa av ein kjønnsvariabel i HelseOmsorg21-monitor – eit digitalt, nasjonalt verktøy som gir oversikt over forsking og innovasjon i helse- og omsorgssektoren – er derfor svært viktig. Det bidreg til å synleggjere forskjellar i helse, sjukdom og forskingsinnsats mellom kvinner og menn. Dette gir eit betre kunnskapsgrunnlag for prioriteringar og er ein føresetnad for meir treffsikre og likeverdige helsetenester.
Forskingsrådet tilrår tre tiltak for å løfte kvinnehelseforsking:– Alle dei foreslåtte tiltaka vil bidra til å styrkje norsk kvinnehelseforsking, redusere kunnskapshol og sikre at kvinners helse får ein meir sentral plass i norsk helseforsking generelt, seier administrerande direktør i Forskingsrådet Mari Sundli Tveit.
| # | Наименование новости | Тональность | Информативность | Дата публикации |
|---|---|---|---|---|
| 1 | Fiskeri og havbruk: planlagde utlysingar til nye prosjekt i 2026 | 0 | 5 | 16-02-2026 |
| 2 | Forskningsrådet styrker innsatsen mot ungt utenforskap – planlagte utlysninger i 2026 | 5 | 7 | 19-01-2026 |
| 3 | 116 millionar til forsking for inkludering av barn og unge | 0 | 5 | 02-10-2025 |
| 4 | 120 millioner kroner til forskning i næringslivet og kommersialisering av forskning | 2 | 7 | 22-09-2025 |
| 5 | 241 millionar kroner til banebrytande forsking | 7 | 7 | 23-06-2026 |
| 6 | Planlagde utlysingar innanfor landbasert mat, landbruk og skog | 0 | 5 | 23-02-2026 |
| 7 | Nær 25 millionar til innovasjonsprosjekt i media | 0 | 5 | 30-04-2026 |
| 8 | Miljøvennlig energi: Planlagte utlysninger til nye prosjekter i 2026 | 2 | 7 | 01-12-2025 |
| 9 | Banebrytande forskarar får 253 millionar kroner | 5 | 7 | 08-05-2026 |
| 10 | Fire nye forskningssentre skal styrke Norges arbeid for bærekraftig areal- og naturbruk | 5 | 7 | 20-03-2026 |