Regjeringa vil sikre at Noreg heng med i det internasjonale kunnskapskappløpet om kvanteteknologi. No deler Forskingsrådet ut til saman 43 millionar til forskingsutstyr til kvanteteknologisk forsking.
Regjeringa vil sikre at Noreg heng med i det internasjonale kunnskapskappløpet om kvanteteknologi. No deler Forskingsrådet ut til saman 43 millionar til forskingsutstyr til kvanteteknologisk forsking.
Tildelinga er ein del av den nye satsinga på kvanteteknologi.
– Kvanteteknologi vil få mykje å seie for nasjonal tryggleik. Teknologien vil snu opp ned på korleis vi samlar inn og analyserer data. På sikt vil kvantedatamaskiner og kvantesensorar kunne knekke krypteringskodar og gi oss GPS-uavhengig navigasjon. For å halde Noreg sikkert, må vi henge med i kvanteutviklinga, seier forsvarsminister Tore O. Sandvik.
Å utvikle kvanteteknologi krev spesialisert utstyr. Det vil regjeringa no investere i:
– No får norske forskingsmiljø tilgang til relevant og oppdatert utstyr til å drive kvanteteknologisk forsking. Dette treng vi for å utvikle norske fagmiljø i verdstoppen innanfor berekning, sensorar og kommunikasjon med kvanteteknologi. Dette er avansert kunnskap og teknologi som gjer Noreg tryggare seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap).
Byggjer sterke fagmiljøTildelinga er ein del av satsinga på kvanteteknologi og ei viktig førebuing til oppskaleringa av norsk kvanteforsking. I desember 2025 skal Forskingsrådet dele ut inntil 244 millionar til fire nasjonale senter for kvanteteknologisk forsking.
– Noreg har behov for sterke fagmiljø som driv banebrytande forsking innanfor kvanteteknologi. Skal vi lykkast med dette, må vi investere meir i forskingsinfrastruktur. Eg ser fram til å bidra i utviklinga framover, seier administrerande direktør i Forskingsrådet Sundli Tveit.
I tillegg til dette har Noreg underteikna ei samarbeidserklæring om kvanteteknologi med dei andre nordiske landa (lenkje) og regjeringa har sett i gang arbeidet med ein nasjonal kvantestrategi (lenkje).
Desse får støtte The Norwegian Micro and Nanofabrication Facility towards Quantum TechnologyI prosjektet vil NorFab, den norske nasjonale infrastrukturen for mikro- og nanofabrikasjon – som er eit samarbeid mellom NTNU, UiO, USN, og SINTEF – investere i utstyr som vil støtte og styrkje kvanteforsking i Noreg ved å gjere det mogleg å forske på, utvikle og produsere kvanteteknologiske komponentar, slik som kvantesensorar og liknande teknologi. Prosjektet får 35 millionar kroner.
Quantum Extension of the Norwegian Research InfrastructureSigma2, Simula, SINTEF og OsloMet får 8 millionar kroner til å styrkje nasjonal forskingsinfrastruktur for kvanteberekning gjennom utviding av dei nasjonale tungrekningsinfrastrukturane NRIS og eX3. Dette vil gi norske miljø tilgang til europeisk forskingsinfrastruktur for kvanteberekning (LUMI-Q), og til lokale emuleringsmiljø og programvare som kombinerer kvante- og klassisk databehandling. I tillegg vil dei i prosjektet utvikle ei treningsplattform for å gi praktiske ferdigheiter i kvantealgoritmedesign, kvanteforsterka simulering og hybrid arbeidsflyt.
| # | Наименование новости | Тональность | Информативность | Дата публикации |
|---|---|---|---|---|
| 1 | Norge får fire nye forskningssentre for kvanteteknologi | 2 | 7 | 17-12-2025 |
| 2 | Banebrytande forskarar får 232 millionar kroner | 5 | 7 | 17-03-2026 |
| 3 | Banebrytande forskarar får 203 millionar kroner | 5 | 7 | 19-11-2025 |
| 4 | Banebrytande forskarar får 253 millionar kroner | 5 | 7 | 08-05-2026 |
| 5 | Et budsjett med viktige satsinger for vår tid | 5 | 7 | 15-10-2025 |
| 6 | Regjeringen med storsatsing i Arktis: Vil bruke en milliard på polarforskning | 5 | 7 | 26-08-2025 |
| 7 | Norge gir 67 millioner kroner til forskere i Ukraina | 3 | 7 | 20-01-2026 |
| 8 | 241 millionar kroner til banebrytande forsking | 7 | 7 | 23-06-2026 |
| 9 | 374 millionar kroner til banebrytande forskarar | 5 | 7 | 14-12-2025 |
| 10 | Tennessee Announces $3 Million Commitment To Support NSF X-Labs Quantum Teams | 5 | 7 | 13-07-2026 |