Вход на сайт

Просмотр новости

Найдите то, что Вас интересует

Opna SKREI-senteret i Lofoten

Дата публикации: 19-09-2026 18:52:58

Laurdag opna kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery det nye SKREI-senteret i Kabelvåg. Etter mange år med planlegging og ein prislapp på 583 millionar kroner er senter offisielt opna.
– Dette er ein merkedag for lokalsamfunnet, regionen og landet, seier Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery (Ap).
Nybygget «Otolitten» skal formidle korleis skreien og lofotfisket har forma Noreg økonomisk og kulturelt i over tusen år.
– Dette er det største me har gjort nokon gong i Museum Nord, seier direktør, Geir Are Johansen i Museum Nord.
Tidlegare kulturminister Abid Raja var også til stades. Han stod for det store vendepunktet i 2021 då han, trass tidlegare skepsis, sikra 160 millionar kroner over statsbudsjettet.
– Eg har følgt prosjektet tett frå me bestemde oss og pengane var på plass, men eg har ikkje vore og sett det før i dag. Eg har gått rundt i bygget og har blitt rørt til tårer og eg har sett andre som har gjort det same. Dette er ikkje berre ein historie for nordlendingar, men dette er ein historie me treng å vise for ein heile verd, seier Raja

Схожие новости

#Наименование новостиТональностьИнформативностьДата публикации
1330 millioner kroner til vindkraftkommuner: Vefsn får nest mest09.0818-09-2026
2[Ekstra] Equinor-sjefen om milliard-utbygging: – Her må vi bruke all vår kompetanse og læring fra 50 år på norsk sokkel018.0411-05-2026
3Lofoting vart verdsmeister på Kanariøyene07.4319-09-2026
4Lofoten: Ser slitne stiar, men manglar myndigheit til å seie nei-2609-07-2026
5Norsk sokkel har passert toppen: : Eksporten på rekordnivå09.6812-06-2026
6В Норвегии подписан контракт на строительство первого туннеля для морских судов011.5519-08-2026
7Har sett seg lei på dronevideoer fra Lofoten: – Flere har funnet fram våpen-2608-07-2026
8Гехт рассказала, сколько составят инвестиции в строительство порта Индига в НАО013.7817-08-2026
9Laksefisket blir avgrensa på Nordmøre0508-07-2026
10Строительство путепровода в рамках Северного обхода Лобни начнется в октябре0028-08-2020

Классификация: Санкт Петербург. Схожих патентов: 0. Схожих новостей: 10. Тональность: 0. Информативность: 7.29. Источник: www.nrk.no.