Вход на сайт

Просмотр новости

Найдите то, что Вас интересует

Trump : Historisk avtale om «fullstendig avvæpning» av Hamas

Дата публикации: 31-07-2026 06:42:30



Основное содержимое страницы с новостью.

Foto: Kylie Cooper / Reuters / NTB

Publisert 31. jul. kl. 01:25

Oppdatert 31. jul. kl. 13:28

Seniorforskar Erik Skare ved Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI), trur Trump sin plan er vanskeleg å gjennomføre.

– Likevel er det eit positivt teikn at Hamas går med på å la seg avvæpne, seier Skare til NTB.

Erik Skare

Forskar ved Norsk utanrikspolitisk institutt

Foto: Erlend Berge

USAs president Donald Trump melde natt til fredag at fredsrådet hans har inngått ein historisk avtale om «full avvæpning» av Hamas og andre væpna grupper i Gaza.

Ifølgje Trump skal dei israelske styrkane trekkje seg ut av Gaza når avvæpninga er gjennomført. Deretter skal ein internasjonal styrke passe på tryggleiken saman med eit nytt palestinsk politi.

– Dette er ein stor milepæl i gjennomføringa av Trumps 20-punktsplan. Avtalen vil bli gjennomført i nøye strukturerte fasar, skriv han på Truth Social natt til fredag.

Han legg til at med denne avtalen vil Gaza få ei ny palestinsk regjering som «tener sitt folk».

Både Al Jazeera og BBC News bekreftar å ha sett avtalen mellom blant anna Egypt, USA og Hamas.

Skare meiner Hamas har strekt seg lenger enn nokosinne.

– Men eg registrerer òg at Israel seier at dette ikkje er godt nok, og at dei krev at våpena skal overleverast til Israel, seier Skare.

Hamas understrekar på si side at dei israelske styrkane, som i dag okkuperer nær 70 prosent av Gazastripen, må trekkast ut før dei legg ned våpena.

Krev at Israel aksepterer avtalen

– Israel må godkjenne avtalen om avvæpning før Hamas vil gjennomføre den.

Det seier Ghazi Hamad, ein Hamas-representant som deltek i forhandlingane, til Reuters.

Planen skal gå ut på at Hamas skal registrere og låse ned våpena sine under palestinsk kontroll, som kan fjerne det største hinderet for Trumps fredsplan for Gaza. Dette skjer rett etter at Hamas valde sin nye øvste leiar, Khalil al-Hayya.

Statsminister Benjamin Netanyahu (til venstre) poserer for eit bilete saman med USAs president Donald Trump i Det ovale kontoret i Det kvite huset i Washington D.C., før møtet deira 28. juli 2026.

Foto: - / AFP / NTB

Ikkje berre skal Hamas ha gått med på å gi frå seg våpena sine, dei skal ifølgje The Times of Israel også ha forplikta seg til å gje ein oversikt over våpenlagera sine, og dessutan over dei underjordiske tunnelane på Gazastripa.

Den israelske statsministeren sitt kontor kom torsdag med ein kort uttale der bodskapen var at avtalen ikkje møter Israel sine forventningar. Statsminister Benjamin Netanyahu har tidlegare sagt til veljarane sine at Israel ikkje kjem til å trekkje seg ut av Gaza.

– Det store spørsmålet er kor stort press Trump-administrasjonen er villig til å leggje på Israel. Det er dei som sit med nøkkelen her, seier Skare.

Sidan Hamas nå seier at de går med på avvæpning er det openbert at ballen nå ligg hos Israel, meiner Skare.

– Hamas prøver nok å vise amerikanarane kven som er den reelle spoileren her, seier forskaren til NTB.

Fleire såra i israelske åtak

Fredag vart fleire palestinarar såra i eit israelsk luftåtak i Gaza, opplyser helsepersonell i Gaza.

Åtaket skjedde få timar etter at USAs president Donald Trump annonserte ein avtale om avvæpning av Hamas i Gaza.

Israel har ikkje kommentert korkje avtalen eller åtaket som skjedde fredag.

Hamas stod bak angrepet på Israel 7. oktober i 2023, og det har vore eit krav frå Israel at dei skal leggje ned våpena før Israel trekkjer ut soldatane frå Gaza.

10. oktober 2025 tredde ei våpenkvile i kraft som ein del av fredsplanen. Sidan den gongen er nærare 1200 palestinarar drepne i israelske angrep.

I februar fortalde Hamas til NRK at dei ville samarbeide med Trumps nye styre på Gazastripa, men at dei då ikkje ville akseptere å leggje ned våpena.

Palestinarar undersøkjer ruinane av ein bygning og telt som vart øydelagde i eit israelsk luftangrep i Gaza by, torsdag 30. juli 2026.

Foto: Jehad Alshrafi / AP / NTB

Meklarlanda skal snart møtast i Kairo for å diskutere neste fase av fredsplanen, ifølgje egyptiske Al-Qahera News, melder AFP.

Trump oppretta fredsrådet «Board of Peace» tidlegare i år for å jobbe mot fred i Gaza, med han sjølv som leiar på livstid.

– Vegkartet utgjer eit historisk gjennombrot. For første gong har Hamas offisielt forplikta seg til ein gjennomførbar plan for å gi frå seg alle våpena sine, noko som vil bli følgd av ein israelsk tilbaketrekking frå Gaza, skriv fredsrådet på X.

Publisert 31. jul. kl. 01:25

Oppdatert 31. jul. kl. 13:28

Схожие новости

#Наименование новостиТональностьИнформативностьДата публикации
1Trump says agreement on full disarmament of Hamas reached06.430-07-2026
2Trump vil tvinge igjennom avtale: sier han dropper massivt angrep mot Iran06.6902-08-2026
3Трамп заявил о достижении соглашения о полном разоружении ХАМАС07.6630-07-2026
4Trump verkündet Einigung zur Entwaffnung der Hamas – der 15-Punkte-Plan für den Gazastreifen07.4231-07-2026
5Трамп заявил о достижении договоренности о полном разоружении формирований ХАМАС08.130-07-2026
6Достигнуто соглашение о полном разоружении ХАМАС и всех вооружённых группировок в Газе, — Трамп012.3131-07-2026
7Трамп: договоренность о режиме прекращения огня между Арменией и Азербайджаном соблюдается0026-10-2020
8Expert: Trump kommer att behöva hantera Libanon0516-06-2026
9Trump’s ‘historic’ deal to disarm Hamas faces uphill climb 06.5401-08-2026
10Frykter Trumps nye Gaza-plan: – Fengsel i fengsel014.7828-07-2026

Классификация: Международные. Схожих патентов: 0. Схожих новостей: 10. Тональность: 0. Информативность: 10. Источник: www.nrk.no.