Вход на сайт

Просмотр новости

Найдите то, что Вас интересует

Fleire vil lagre atomavfall: Vekker oppsikt internasjonalt

Дата публикации: 26-09-2026 06:14:14

Tolv kommunar har sagt ja til å bli vurderte som vertskommune for Noregs atomavfall. No startar utveljinga.

Основное содержимое страницы с новостью.

Å lagre Noregs atomavfall er ikkje nødvendigvis ei attraktiv oppgåve, men heile tolv kommunar på Austlandet har no frivillig sagt ja til å bli vurderte som vertskap.

At så mange vil ha avfallet i eigen bakgard, vekker internasjonal oppsikt.

– Kollegaene mine i andre land trur nesten ikkje at det er sant.

Det seier Martin Andreasson som er direktør for kommunikasjon i Norsk nukleær dekommisjonering om den gode responsen.

Martin Andreasson er fornøgd med responsen frå kommunane.

Foto: Heidi Gomnæs / NRK

Norsk nukleær dekommisjonering, NND, har fått oppdraget med å rydde opp etter dei historiske forskingsreaktorane på Kjeller i Akershus og i Halden i Østfold.

Totalt blei 22 kommunar på Austlandet peika ut som moglege kandidatar for Noregs mest krevjande ryddejobb.

– Det som overraskar, er at så mange som tolv har vore interesserte i å vite meir. Det synest å vere ei veldig positiv nyheit, seier Andreasson.

Nå er reaktorane stengde, og anlegga skal fjernast.

Foto: Jan Johannessen / NND
Desse kan bli vertskommune for atomavfallet:

Eit nytt lager skal gi sikker plass til 17 tonn høgradioaktivt avfall, og 5000 tonn låg- og mellomaktivt avfall.

Dette er atomavfall frå dei fire norske atomreaktorane som har vore brukte til forsking. No er reaktorane stengde og anlegga skal fjernast.

Opphavleg blei 22 kommunar vurderte ut frå blant anna geologi og sikkerheit. Etter politisk behandling i kommunane, er no tolv kommunar med vidare i prosessen.

Dei er fordelte på tre fylke:

  • Østfold: Aremark, Halden, Sarpsborg, Rakkestad, Marker
  • Akershus: Frogn, Lillestrøm, Enebakk, Aurskog-Høland, Nes
  • Innlandet: Stange, Sør-Odal

Oppryddinga kan koste Noreg mellom 32 og 54 milliardar kroner.

Foto: NRK

No startar ein fase med oppstartsmøte og analysar, fortel Andreasson.

– Fram mot årsslutt reknar vi med at vi har den informasjonen vi treng. Då kjem vi til å skrive ein rapport der vi anbefaler to til fire kommunar som vi meiner er dei som er absolutt best eigna for å gå vidare med.

Lokkar med milliardinvesteringar

Å vere vertskommune inneber eit stort ansvar, men kan også bidra til lokal og regional utvikling.

Foreløpige anslag frå NND peikar mot totale investeringar for dei samla anlegga på godt over 10 milliardar kroner. Dette har vore utslagsgivande for fleire kommunar.

– Det kan bety mange arbeidsplassar til kommunen og ikkje minst regionen vår. Det er sånne faktorar som gjer at vi er villige til å sjå på det vidare, seier ordførar i Sarpsborg, Magnus Arnesen.

Ordførar i Sarpsborg, Magnus Arnesen (H), ser for seg at lagringa kan føre til mange arbeidsplassar.

Foto: Martin Tangen Schmidt / NRK

Han ser for seg at det vil bety jobbar for lokalt næringsliv når anlegget skal etablerast, og arbeidsplassar for innbyggarar når anlegget er i drift.

Også i Aremark har kommunen sagt ja.

Ordførar Håkon Tolsby (Sp) fortel at moglegheitene for arbeidsplassar, i tillegg til det å ta eit nasjonalt ansvar for avfallet, var utslagsgivande.

Ventar harde frontar

Men atomavfall er eit omstridd tema. Ordføraren i Sarpsborg ser ikkje bort frå at det kan bli uro når planane blir meir konkrete.

– Det er ikkje tvil om at det er eit tema som ber litt frykt med seg, og det skal vi ta på alvor. Det vil det sikkert alltid bli ved sånne typar etableringar. Ein skal ikkje vere så naiv, seier Arnesen.

Det er knytt store investeringar til etablering av nye anlegg.

Foto: NRK

I Aremark trur Tolsby det er sosial aksept i kommunen, mykje fordi dei som nabokommune til Halden har levd tett på ein atomreaktor i mange tiår.

– Eg trur dette er noko som dei fleste aremarkingar har eit forhold til. Halden er jo vår næraste by. Vi handlar der, går på skule der og arbeider der. Så det er nok meir utrygt korleis dette avfallet er lagra i Halden per i dag, påpeikar Tolsby.

Kortsiktige lagringa er løyst

I februar blei det kjent at NND kjøper delar av Norske Skog Saugbrugs eigedom i Halden. Arealet skal brukast til å rive den gamle Haldenreaktoren og lagre radioaktivt avfall mellombels, når nødvendige løyve er på plass.

Oppkjøpet vil gjere at oppryddinga går raskare, ifølge regjeringa.

Foto: NTB Scanpix

– Dei mest kortsiktige behova vi har, reknar vi med å kunne løyse anten på eller i nærleiken av dei anlegga vi har i Halden og på Kjeller, seier Andreasson i NND.

Men det står att å få på plass langsiktige løysingar for atomavfallet. NND ønsker å vere på plass med nye bygg innan 2035.

Fleire av kommunane som no er med vidare, har sett som vilkår at dei kan takke nei seinare i prosessen.

Endeleg avgjerd om lokalisering og bygging vil vere opp til Stortinget og dei aktuelle kommunane.

Publisert 26.09.2026, kl. 08.14

Схожие новости

#Наименование новостиТональностьИнформативностьДата публикации
1Oslofjorden: Her får miljøvernministeren se at det er håp07.2828-09-2026
2Lavrov: – Russland klar til å bidra i Hormuzstredet05.7326-09-2026
3Mer enn halvannet år forsinket: Nå er de nye togene her09.7230-09-2026
4– Så åpenlyst kjøp og salg av narko på Torvet01024-09-2026
5Klar oppfordring: Ta frå kommunane retten til å bestemme i strandsona08.4625-09-2026
6Trump: Avviser Irans forslag for gjenåpning av Hormuzstredet05.7126-09-2026
7Toppdiplomaternas källare kan ge nya svar om Osloavtalet07.403-10-2026
8V kommer att rösta på Norlén som talman01027-09-2026
9Frykter prissjokk: – Kan få ekstreme utslag01025-09-2026
10Bollene alle vil ha oppskriften på09.1520-09-2026

Классификация: . Схожих патентов: 0. Схожих новостей: 10. Тональность: 0. Информативность: 9.18. Источник: www.nrk.no.