Norske forskarar og bedrifter kan no søkje om å bli med i 80 nye COST-nettverk som startar opp i 2026. Forskingsrådet erfarer at deltakarane i desse nettverka har auka sjansar for å lykkast i EUs Horisont Europa, det største forskings- og innovasjonsprogrammet i verda.
Norske forskarar og bedrifter kan no søkje om å bli med i 80 nye COST-nettverk som startar opp i 2026. Forskingsrådet erfarer at deltakarane i desse nettverka har auka sjansar for å lykkast i EUs Horisont Europa, det største forskings- og innovasjonsprogrammet i verda.
Nettverka, i regi av European Cooperation in Science and Technology (COST), er internasjonale nettverk mellom forskarar og dekkjer alle fag, disiplinar og sektorar.
Deltakarane bringar inn si eiga forsking i nettverket og COST gir støtte til møte, seminar og konferansar i nettverket, sommarskular og korte forskingsopphald. COST finansierer ikkje forsking.
Høg norsk interesseDet er høg interesse her i Noreg for å delta i nettverka, og norske aktørar deltek i nærare 90 prosent av dei rundt 300 aktive nettverka. Ifølgje ei spørjeundersøking frå Forskingsrådet er kvar tredje norske deltakar med i ein Horisont-søknad eller planlegg ein søknad saman med andre deltakarar frå nettverket.
Kan opne mange dørerFleire norske deltakarar Forskingsrådet har vore i kontakt med meiner det er verdifullt å delta i COST-nettverk for å danne konsortium til Horisont Europa-søknader og anna prosjektsamarbeid.
Særleg forskarar tidleg i karrieren kan ha nytte av å delta i COST-nettverk.
- Det er ein god inngang til internasjonalt samarbeid og eit høve til å utvikle eit personleg fagleg nettverk som kan opne mange dører, seier Trude Dypvik, spesialrådgivar i Forskingsrådet.
Ta kontakt viss du vil deltaTa kontakt med oss i Forskingsrådet så snart som mogleg om du ønskjer å bli med. For å bli vurdert i den første runden av oppnemningar til desse nye nettverka må du kontakte oss aller seinast 15. juni. Send ein e-post til: COST-CNC@forskningsradet.no
Forskingsrådet vil be dei som er interesserte i å delta om å sende ein kort søknad etter ein nærare angitt mal saman med CV-en sin. Dette gjeld også dei som har vore "secondary proposers" i søknadsprosessen.
Les også 80 new COST Actions approved - COST.
Utlysinga for å søkje om å opprette nye COST-nettverk opnar 31. juli og søknadsfristen er 28. oktober 2026. Meir informasjon her: Open Call: A Simple One-Step Application Process
Vennleg helsing COST koordinatorene i Noreg: Trude Dypvik og Hilde Garegg Gårdsmoen, cost-CNC@forskningsradet.no.
| # | Наименование новости | Тональность | Информативность | Дата публикации |
|---|---|---|---|---|
| 1 | Bli med i nye internasjonale forskarnettverk som kan bli springbrett til Horisont Europa | 2 | 7 | 20-05-2025 |
| 2 | Full deltaking i Horisont Europa og Konkurranseevnefondet er heilt nødvendig | 5 | 7 | 07-11-2025 |
| 3 | Norske forskingsmiljø gjer det framleis bra i Horisont Europa | 2 | 6 | 28-11-2025 |
| 4 | Norske forskere får tilgang til gratis, åpen publisering | 5 | 7 | 26-03-2026 |
| 5 | Europa treng eit frittståande forskings- og innovasjonsprogram | 0 | 5 | 26-05-2025 |
| 6 | Horisont Europa egenevaluert: Gode resultater, men uavklart fremtid | 2 | 7 | 12-05-2025 |
| 7 | Ti år med norsk kunnskapsnærvær i Brussel | 5 | 7 | 24-06-2026 |
| 8 | Banebrytande forskarar får 232 millionar kroner | 5 | 7 | 17-03-2026 |
| 9 | Banebrytande forskarar får 253 millionar kroner | 5 | 7 | 08-05-2026 |
| 10 | Forskingsrådet satsar 90 millionar kroner på kvinnehelse | 0 | 5 | 08-03-2026 |