I løpet av 2026 legg Forskingsrådet seg tettare på EUs kriterium og karakterskala og gjer endringar i relevansvurderinga.
I løpet av 2026 legg Forskingsrådet seg tettare på EUs kriterium og karakterskala og gjer endringar i relevansvurderinga.
Forskingsrådet fjernar no dagens relevanskriterium som eigen karakter. Dette betyr at fagekspertane framover skal vurdere både kvaliteten og relevansen til søknadene, medan Forskingsrådets saksbehandlarar skal sjekke søknaden mot krav og føringar i utlysinga. For søkjarar betyr dette at dei ikkje lenger skal levere eit eige vedlegg der dei beskriv relevansen til søknaden for utlysinga, slik det har vore i mange utlysingar fram til no.
– Vi jobbar kontinuerleg med utvikling av ordningane våre og denne endringa er ein del av det heilskaplege arbeidet vårt med vidareutvikling av kriteria for vurderingar av søknader. Det er også fleire søkjarar som har etterlyst endringar i relevansvurderinga, og desse tilbakemeldingane har vi teke med oss i arbeidet, seier administrerande direktør i Forskingsrådet Mari Sundli Tveit.
Dei nye vurderingskriteria blir innførte frå og med nye utlysingar som kjem i nytt søknadssystem i 2026.
Innfører seksdelt karakterskalaForskingsrådet standardiserer no også kriteria søknadene blir vurderte på og innfører kriteria Excellence/Kvalitet, Impact/Effekter og Implementation/Gjennomføring gjennomgåande i alle utlysingar.
Også karakterskalaen blir lagd tettare opp mot EUs forskings- og innovasjonssystem ved å innføre 0–5-skalaen som blir brukt i pilar 2 i Horisont Europa. Vi gjennomfører likevel visse justeringar i korleis karakterane skal operasjonaliserast samanlikna med EU. Formålet med denne endringa er å få ei meir einskapleg forståing av karakterskalaen blant fagekspertane.
Dei nye karakterane er definerte slik:| # | Наименование новости | Тональность | Информативность | Дата публикации |
|---|---|---|---|---|
| 1 | Utlysingar skreddarsydde for offentleg sektor i 2026 | 0 | 5 | 25-03-2026 |
| 2 | Nytt porteføljestyre for forsvarsevne, nasjonal sikkerhet og beredskap | 0 | 5 | 28-04-2025 |
| 3 | Forskingsrådet avviklar rundsumsatsen | 0 | 5 | 17-11-2025 |
| 4 | Nye utlysingar for forsking og innovasjon innanfor arbeidsliv, utdanning, kultur og barn og unge | 0 | 5 | 16-03-2026 |
| 5 | Utlysninger andre halvår 2026 i nytt system | 0 | 5 | 23-06-2026 |
| 6 | Nye muligheter for humaniora i 2026 etter et år med svært gode resultater | 7 | 8 | 01-12-2025 |
| 7 | Fiskeri og havbruk: planlagde utlysingar til nye prosjekt i 2026 | 0 | 5 | 16-02-2026 |
| 8 | Europa treng eit frittståande forskings- og innovasjonsprogram | 0 | 5 | 26-05-2025 |
| 9 | Miljøvennlig energi: Planlagte utlysninger til nye prosjekter i 2026 | 2 | 7 | 01-12-2025 |
| 10 | Erklæring fra Norges forskningsråds styre om konsekvenser av situasjonen for forskning i USA | 0 | 5 | 28-04-2025 |