Вход на сайт

Просмотр новости

Найдите то, что Вас интересует

Forskingsrådet avviklar rundsumsatsen

Дата публикации: 17-11-2025 08:42:21

Vi avviklar rundsumsats for finansiering av forskartid og stipendiatar i universitets- og høgskulesektoren og i helseføretaka. Faktiske personal- og indirekte kostnader vil frå no av vere grunnlaget for berekning av prosjektstøtte. Endringane blir innførte for nye utlysingar i 2026 og vil også gjelde for søknader sende inn frå og med 1. januar 2026.

Основное содержимое страницы с новостью.

Vi avviklar rundsumsats for finansiering av forskartid og stipendiatar i universitets- og høgskulesektoren og i helseføretaka. Faktiske personal- og indirekte kostnader vil frå no av vere grunnlaget for berekning av prosjektstøtte. Endringane blir innførte for nye utlysingar i 2026 og vil også gjelde for søknader sende inn frå og med 1. januar 2026.

Vi forventar at endringa vil bidra til forenklingar i sektoren og eit meir oversiktleg tilskotsregelverk for søkjarane våre.

Kvifor gjer vi denne endringa?

Rundsumsats har vorte gitt som ei maksimal støtte til forskar og stipendiatårsverk i UH-sektoren. Når årsverkskostnaden (TDI) for ein tilsett overstig denne satsen, betyr det at sektoren må stille med eigenfinansiering for å gjennomføre prosjektet.

Forskingsrådet skal som regel ikkje stille krav om eigenfinansiering frå forskingsorganisasjonar. Sektoren kan likevel bidra med eigne midlar dersom samla prosjektkostnader overstig det maksimale støttebeløpet til utlysingane.

Kva inneber dette for søkjarar?

Endringane vil først og fremst få noko å seie for prosjektbudsjettering i UH-sektoren og for helseføretak når forskingspersonell deltek i prosjekt. Vi ber om eit totalkostbudsjett i søknader og vi finansierer ein del av dei samla kostnadene. Det vil ikkje lenger vere nødvendig å berekne støtte til personal- og indirekte kostnader separat.

Andre søkjargrupper som i dag har lagt rundsumsats til grunn for budsjettering av stipendiatstillingar, må endre praksis. Budsjettering av slike stillingar skal følgje andre retningslinjer for personal- og indirekte kostnader i dei respektive sektorane.

Kva med prosjekt som er i gang?

Fjerning av rundsumsatsen vil ikkje få noka tilbakeverkande kraft. For alle igangverande prosjekt gjeld budsjettet som ligg til grunn for vedtaket (kontrakten). Rapportering av kostnader i rekneskaps- og sluttrapport skal basere seg på faktiske kostnader. Berre når det er gitt eksplisitt løyve, kan rundsumsats brukast som kostnadsgrunnlag.

Meir informasjon

Vi vil så snart som mogleg gå i dialog med sektoren for å avklare eventuelle problemstillingar.

Vi oppdaterer nettsidene og retningslinjene våre i nær framtid med meir rettleiing. Søkjarwebinar vinter og vår 2026 vil også ha søkjelys på dette.

På NARMA-konferansen 17.–18. mars i Lillestrøm, vil vi presentere og diskutere endringar i finansieringsmodellen og andre endringar som kjem i samband med innfasing av nytt søknads- og saksbehandlingssystem våren i 2026.

Схожие новости

#Наименование новостиТональностьИнформативностьДата публикации
1Utlysingar skreddarsydde for offentleg sektor i 20260525-03-2026
2100 millioner kroner til internasjonal forskerrekruttering – slik blir den nye ordningen5702-06-2025
3100 millioner kroner til internasjonal forskerrekruttering2623-04-2025
4Fiskeri og havbruk: planlagde utlysingar til nye prosjekt i 20260516-02-2026
5Nye utlysingar for forsking og innovasjon innanfor arbeidsliv, utdanning, kultur og barn og unge0516-03-2026
6Ny karakterskala og endringar i relevansvurderinga0521-11-2025
7Forskningsrådet styrker innsatsen mot ungt utenforskap – planlagte utlysninger i 20265719-01-2026
816 konsortier er videre til siste runde for å bli Sentre for forskningsdrevet innovasjon – SFI0520-10-2025
9Planlagde utlysingar innanfor landbasert mat, landbruk og skog0523-02-2026
10Nytt tilbud skal matche bedrifter og forskningsmiljøer2629-06-2026

Классификация: Национальные проекты. Схожих патентов: 0. Схожих новостей: 10. Тональность: 0. Информативность: 5. Источник: www.forskningsradet.no.