Вход на сайт

Просмотр новости

Найдите то, что Вас интересует

Hentar 13 nye forskartalent til Noreg

Дата публикации: 06-11-2025 06:30:31

I vår lanserte regjeringa ei ordning for å gjere det enklare for norske forskingsmiljø å rekruttere forskarar frå andre land. I august fekk dei første forskarane tilslag. No kjem 13 nye forskarar til Noreg gjennom ordninga.

Основное содержимое страницы с новостью.

I vår lanserte regjeringa ei ordning for å gjere det enklare for norske forskingsmiljø å rekruttere forskarar frå andre land. I august fekk dei første forskarane tilslag. No kjem 13 nye forskarar til Noreg gjennom ordninga.

– Eg er svært glad for at vi no får endå fleire talentfulle forskarar til Noreg gjennom denne ordninga. Det viser at Noreg er eit attraktivt land for forsking, med stabile og føreseielege rammevilkår. Mange forskingsmiljø internasjonalt opplever no uvisse og kutt. Dette styrkjer både norsk forsking og tilknytinga vår til den globale kunnskapsfellesskapen, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap).

10 av forskarane kjem frå amerikanske institusjonar

Eit fleirtal av forskarane som no kjem til Noreg er i dag knytt til forskingsinstitusjonar i USA. Forskarane kjem mellom anna frå Stanford University, Columbia University og Lawrence Berkeley National Laboratory. Dei tre andre forskarane kjem frå India, Kina og Canada.

– Det er svært positivt at det er så stor interesse for denne nye ordninga. Forskarane som no kjem har kompetanse innan eit breitt spekter av fagområde, mellom anna naturvitskap, ingeniørvitskap, teknologi og samfunnsvitskap, seier administrerande direktør i Forskingsrådet Mari Sundli Tveit.

Om ordninga

Totalt skal det delast ut 300 millionar kroner gjennom ordninga fram til 2029. Den første tildelinga vart gjennomført i 2025, med støtte til sju prosjekt i år og endå sju i 2026. No er 13 nye prosjekt vurderte som støtteverdige og vil få midlar i 2026. Utlysinga er framleis open, og fleire institusjonar kan søkje om støtte.

Desse får no støtte

Hovudorganisasjon i Noreg

Kjem frå

Søkt beløp

UNIVERSITETET I OSLO

Colorado State University

6648

UNIVERSITETET I OSLO

NASA

6012

UNIVERSITETET I OSLO

Stanford University

6301

UNIVERSITETET I OSLO

Nasjonalt laboratorium (USA)

9000

UNIVERSITETET I OSLO

Forskingsinstitutt India

6000

UNIVERSITETET I OSLO

Boston College

6097

NTNU

University of Missouri

8995

UNIVERSITETET I OSLO

Forskingsinstitutt Kina

7411

UNIVERSITETET I OSLO

Columbia University

9000

NTNU

Nasjonalt laboratorium (USA)

7500

SINTEF ENERGI AS

Nasjonalt laboratorium (USA)

9000

NTNU

Teknologiselskap USA

8973

NTNU

Teknologiselskap Canada

9000

Meldinger ved utskriftstidspunkt 3. juli 2026, kl. 03.05 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.

Схожие новости

#Наименование новостиТональностьИнформативностьДата публикации
1Henter 14 internasjonale toppforskere til Norge gjennom ny ordning5715-08-2025
2100 millioner kroner til internasjonal forskerrekruttering2623-04-2025
3100 millioner kroner til internasjonal forskerrekruttering – slik blir den nye ordningen5702-06-2025
4Banebrytande forskarar får 203 millionar kroner5719-11-2025
5Forskingsrådet avviklar rundsumsatsen0517-11-2025
6Nytt tilbud skal matche bedrifter og forskningsmiljøer2629-06-2026
7Norge får åtte nye forskningssentre for innovasjon5715-12-2025
8Ny plan for kjønnsbalanse, kjønnsperspektiv og mangfald2712-11-2025
9Banebrytande forskarar får 253 millionar kroner5708-05-2026
10Banebrytande forskarar får 232 millionar kroner5717-03-2026

Классификация: Наука. Схожих патентов: 0. Схожих новостей: 10. Тональность: 0. Информативность: 5. Источник: www.forskningsradet.no.