På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet har Forskingsrådet gjennomført eit forprosjekt for nasjonal infrastruktur for tungrekning. I rapporten tilrår vi mellom anna ein stor auke i investeringar i tungrekneinfrastruktur dei neste fem åra.
På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet har Forskingsrådet gjennomført eit forprosjekt for nasjonal infrastruktur for tungrekning. I rapporten tilrår vi mellom anna ein stor auke i investeringar i tungrekneinfrastruktur dei neste fem åra.
I januar fekk Forskingsrådet i oppdrag frå Kunnskapsdepartementet (KD) å gjennomføre eit forprosjekt om ein nasjonal infrastruktur for reknekraft. Vi har no levert rapporten som samanfattar forprosjektet.
Arbeidet er basert på eit tilrådd konsept i ei konseptvalutgreiing for investeringar i ein nasjonal infrastruktur for tungrekning som Forskingsrådet leverte til Kunnskapsdepartementet i januar.
– Eit løft for nasjonal infrastruktur for tungrekning er avgjerande for å dekkje behovet både i forsking, næringsutvikling og forvaltning. Dette vil gjere forsking i verdsklasse mogleg, det vil styrkje norsk konkurransekraft og støtte opp under omstillinga i både offentleg og privat sektor, seier områdedirektør i Forskingsrådet Benedicte Løseth.
Formålet med forprosjektet var å gi regjeringa tilstrekkeleg grunnlag for å vurdere strategien for prosjektet, å tilrå ei kostnadsramme og å kunne gi føringar for den vidare styringa av prosjektet.
Innsikt frå sentrale aktørarI arbeidet med forprosjektet har sentrale aktørar vorte involverte gjennom kontaktmøte, informasjonsmøte, spørjeundersøkingar, workshopar og dialogmøte. Universitet, andre relevante fagmiljø, offentlege verksemder og internasjonale samarbeidspartnarar har vore involverte. Det har også vore avgjerande med tett samarbeid med Sigma2 gjennom forprosjektet.
– Innsiktarbeidet og det gode samarbeidet med dei involverte aktørane har gitt prosjektet brei og tverrfagleg informasjon som grunnlag for analysar og tilrådingar. Parallelt har det vorte gjennomført ei ekstern kvalitetssikring av konseptvalutgreiinga. Det har gitt rask framdrift og bidratt til å løfte kvaliteten i arbeidet, seier Løseth.
Forskingsrådet tilrårForprosjektet skal no gjennom ei ekstern kvalitetssikring (KS2). Denne kvalitetssikringa dannar grunnlaget for at regjeringa kan ta ei investeringsavgjerd.
| # | Наименование новости | Тональность | Информативность | Дата публикации |
|---|---|---|---|---|
| 1 | Behov for stort løft for forsking og innovasjon | 5 | 7 | 14-11-2025 |
| 2 | Norge får åtte nye forskningssentre for innovasjon | 5 | 7 | 15-12-2025 |
| 3 | Fire nye forskningssentre skal styrke Norges arbeid for bærekraftig areal- og naturbruk | 5 | 7 | 20-03-2026 |
| 4 | 192 millioner kroner til nasjonale forskningssentre for transport | 5 | 7 | 19-06-2025 |
| 5 | Banebrytande forskarar får 203 millionar kroner | 5 | 7 | 19-11-2025 |
| 6 | Fiskeri og havbruk: planlagde utlysingar til nye prosjekt i 2026 | 0 | 5 | 16-02-2026 |
| 7 | Banebrytande forskarar får 232 millionar kroner | 5 | 7 | 17-03-2026 |
| 8 | Forskningsrådet styrker innsatsen mot ungt utenforskap – planlagte utlysninger i 2026 | 5 | 7 | 19-01-2026 |
| 9 | 193 millionar kroner til forsking for å styrkje utdanningssektoren. | 5 | 7 | 21-10-2025 |
| 10 | Ny energiforsking: Ny teknologi kan auke nettkapasiteten og gi store innsparingar | 2 | 7 | 16-05-2025 |