Вход на сайт

Просмотр новости

Найдите то, что Вас интересует

Ny energiforsking: Ny teknologi kan auke nettkapasiteten og gi store innsparingar

Дата публикации: 16-05-2025 11:06:08

Ein ny effektstudie viser at energiforsking kan gi store samfunnsøkonomiske gevinstar. Studien viser mellom anna korleis ny teknologi kan redusere behovet for investeringar i straumnettet og samtidig skape nye inntekter for norsk næringsliv. – Dette viser at det lønner seg å satse på energiforsking, seier energiminister Terje Aasland.


Основное содержимое страницы с новостью.

Ein ny effektstudie viser at energiforsking kan gi store samfunnsøkonomiske gevinstar. Studien viser mellom anna korleis ny teknologi kan redusere behovet for investeringar i straumnettet og samtidig skape nye inntekter for norsk næringsliv. – Dette viser at det lønner seg å satse på energiforsking, seier energiminister Terje Aasland.

Ein av forskingscasane i studien, utarbeidd av Menon Economics  og Multiconsult, er Dynamic Line Rating  (DLR) som er utvikla i samarbeid mellom FME CINELDI, Heimdall Power og seks nettselskap. Teknologien, som i dag vart presentert for energiministeren, gir nettselskap informasjon i sanntid frå sensorar installerte på straumlinjene og kan auke nettkapasiteten med opptil 20 prosent og redusere behovet for nye investeringar. Dette prosjektet åleine kan gi mellom 6,7 og 133 milliardar kroner i reduserte kostnader og opptil 16,6 milliardar i inntekter til norske teknologileverandørar i perioden 2025–2035. 

– Det er utruleg gledeleg å sjå at pengane vi investerer i forsking faktisk gir så mykje tilbake til samfunnet. Ikkje berre i form av økonomisk gevinst, men også gjennom betre energitryggleik, nye jobbar og viktig kompetanse til energibransjen. Teknologiar som Heimdall Powers sensorsystem for straumnett gjer det mogleg å utnytte kapasiteten betre og kutte kostnader. Dette er eit godt døme på korleis vi kan løyse energiutfordringane smartare og raskare, seier energiminister Terje Aasland. 

Studien evaluerer effektane av 60 forskingscasar delfinansierte av Forskingsrådet i perioden 2016–2025.Seks av casane er analyserte i djupna og viser ei mogleg samfunnsøkonomisk lønnsemd på mellom 9 og 36 milliardar kroner, der 5 milliardar allereie er realiserte. 

Studien omfattar også ei vurdering av FME-ordninga ved å studere dei ni forskingssentera for miljøvennleg energi (FME), som dekkjer område som vasskraft, vind, sol, biodrivstoff, bygg, industri, transport, energisystem og CO₂-handtering. Sentera bidreg til robuste energisystem gjennom viktige eigenskapar som gode samarbeidsarenaer, eit langsiktig perspektiv og dei fremjar eit heilskapsperspektiv og tverrfaglegheit. Sentera har bidrege til stor rekruttering av master- og Phd-studentar, publisering av forsking på høgt nivå og omfattande internasjonalt samarbeid. 

– Eg er svært glad for at rapporten så tydeleg viser verdien av å investere i forsking som speler ei viktig rolle i å omstille Noreg og verda til eit netto nullutsleppssamfunn. I tillegg viser rapporten at der er samfunnsøkonomisk lønnsamt å investere i desse sentera, der dei beste norske forskingsmiljøa jobbar saman med næringslivet og offentleg sektor. Rapporten vi no har fått viser at desse miljøa saman dannar forskings- og innovasjonssenter i internasjonal toppklasse på viktige område der energilandet Noreg er heilt i front, seier administrerande direktør i Forskingsrådet Mari Sundli Tveit.  

Схожие новости

#Наименование новостиТональностьИнформативностьДата публикации
1Norge får åtte nye forskningssentre for innovasjon5715-12-2025
2Miljøvennlig energi: Planlagte utlysninger til nye prosjekter i 20262701-12-2025
3Banebrytande forskarar får 232 millionar kroner5717-03-2026
4Investeringar i tungrekning vil gjere forsking i verdsklasse mogleg5726-05-2025
5Ny kartlegging gir et nytt bilde av Norges rolle i kritiske verdikjeder og for råmaterialer2724-06-2026
6Nytt tilbud skal matche bedrifter og forskningsmiljøer2629-06-2026
795 millioner kroner til internasjonal energiforskning0708-09-2025
8Fire nye forskningssentre skal styrke Norges arbeid for bærekraftig areal- og naturbruk5720-03-2026
9117 millioner kroner til forskning på mat og bioressurser fra land og hav5713-12-2025
10Her høstes vårbyggen, før den er moden: Skal give plads til endnu en afgrøde0517-07-2026

Классификация: Экономика. Схожих патентов: 0. Схожих новостей: 10. Тональность: 2. Информативность: 7. Источник: www.forskningsradet.no.