Вход на сайт

Просмотр новости

Найдите то, что Вас интересует

Vil la vektarar bøtlegge butikktjuvar: – Problemet stoppar jo ikkje

Дата публикации: 30-06-2026 05:47:18

NHO vil gi vektarar meir makt i kampen mot butikktjuveri. – Neppe aktuelt, seier regjeringa.

Основное содержимое страницы с новостью.

– Det varierer veldig. Enkelte dagar kan det vere tjuveri utover heile dagen, fortel Lea som jobbar som vektar i Trondheim.

Dersom ho tar ein butikktjuv på fersken er det i dag avgrensa kva ho kan gjere med det. Ho har ikkje myndigheit til å ilegge tjuvane noko straff.

– Veldig ofte får vi vara tilbake utan noko meir styr, men om ikkje må vi ringe politiet som hjelper til.

Mange av dei som blir tatt stel ofte, fortel Lea.

– Det funkar der og da, men veldig ofte blir dei tatt seinare. Ofte same dag.

– Det skjer jo om igjen, problemet stoppar jo ikkje.

No foreslår NHO å gi vektarar moglegheit til å bøtlegge tjuvane på staden.

Lea er innom mange butikkar i løpet av ein arbeidsdag. Dersom det ikkje er tjuvar på ferde er stemninga god.

Foto: Qader Faraji / NRK
Nesten halvparten blir lagt bort

– For mindre tjuveri så kunne ein ha fått eit gebyr som vektarane kunne ha skrive ut på staden, seier Erik Sandsmark Idsøe, direktør for Sikkerheit og Beredskap i NHO.

Statistikk frå SSB viser at talet på butikktjuveri som blir meldt til politiet har stige kraftig.

For talet på mindre tjuveri har talet blitt dobla dei siste ti åra.

Samstundes har også talet på saker politiet legg bort stige kraftig.

I 2024 blei nesten halvparten av alle butikktjuveri som blei meldt til politiet lagt bort.

– Det er ikkje realistisk at det vil bli ein nemneverdig endring dei neste åra, da må det ein kraftig kapasitetsauke til i politiet, seier Idsøe.

Derfor foreslår NHO å ta vektarane i bruk for å få bukt med tjuveria.

Idsøe peiker på at lovbrot som sniking på bussen, enkelte trafikklovbrot eller feilparkering blir løyst med eit gebyr utan at politiet blir kopla på.

– Vi meiner det er paradoksalt at det er større sannsyn at du får ein bot om du står feilparkert utanfor ein butikk enn om du stel frå butikken.

Erik Sandsmark Idsøe meiner forslaget vil frigi kapasitet for politiet.

Foto: NRK

– Det må vere mogleg å gjere opp på staden dersom ein blir tatt på fersk gjerning.

Dette vil både avlaste politiet og gi ein reaksjon til dei som stel, meiner Idsøe.

Han fortel at det må vere for dei mindre tjuveria at vektarane skal ha moglegheit til å skrive ut bøter.

– Straffeloven har ei grense på 2000 kroner for «mindre tjuveri», men ein nøyaktig sum må ein kome tilbake til.

I prøveromma fortel Lea at dei kan finne avrivne prislappar frå klede som har blitt stolen.

Foto: Qader Faraji / NRK

– I motsetning til feilparkering og sniking på kollektivtransport, er tjuveri straffbart, skriv statssekretær i Justisdepartementet, Gunn Karin Gjul, i ein e-post til NRK.

– Handheving av straffebod reiser ei rekke prinsipielle og krevjande spørsmål som inneber at privat handheving av slike reglar neppe er aktuelt.

Statssekretæren fortel at ho har forståing for at tjuveri skaper frustrasjon i dei bransjane som blir råka.

Samstundes må politiet vurdere kva dei brukar sine ressursar på.

– Da vil det ofte vere slik at mindre tjuveri ikkje når opp i konkurransen med blant anna alvorleg økonomisk og organisert kriminalitet, seksuallovbrot, vald i nære relasjonar og barne- og ungdomskriminalitet.

Gjul fortel at det kan vere aktuelt å sjå nærmare på om mindre tjuveri frå butikkar i framtida kan bli avgjort med forenkla førelegg.

– Dette vil føresette ei nærmare vurdering kor ulike omsyn spelar inn, og det er ikkje opplagt at det vil vere ei hensiktsmessig løysing på dei utfordringane NHO trekk fram.

– Openberr politioppgåve

Også leiar av Justiskomiteen på Stortinget, Jon Engen-Helgheim (Frp), er skeptisk til forslaget frå NHO.

– Dette er ei openberr politioppgåve, og det er viktig at ikkje regjeringa si nedbygging av politiet fører til ei privatisering av politioppgåver, seier Engen-Helgheim.

– Private kan utføre svært mange oppgåver i samfunnet langt betre enn det offentlege, men når det kjem til å utøve makt mot befolkninga er det viktig at dette ikkje privatiserast.

Jon Engen-Helgheim er ikkje begeistra for forslaget om å gi vektarar moglegheit til å skrive ut bøter.

Foto: JON PETRUSSON / NRK

Han meiner det er viktigare å sikre at politiet har ressursar til å vere til stades og følgje opp kvardagskriminalitet.

– Kriminelle må oppleve ein reell risiko for å bli oppdaga og møtt med konsekvensar. Da førebyggjar vi også ny kriminalitet på ein langt meir effektiv måte.

– Kan ikkje «outsource» rettsstaten

Justispolitisk talsperson i Høgre, Mari Holm Lønseth, er skeptisk i likhet med Engen-Helgheim.

– Det vil vere ein god idé å frigjere noko av politifolka sin tid ved å flytte oppgåver til for eksempel vektarar, men eg er usikker på om vi skal begynne med at vektarar skal gi straff.

– Vi bør heller begynne med ei vurdering av om andre kan ta oppgåver som transport av fangar og transport av beslag eller liknande. Det vil sørge for at politiet kan prioritere å bekjempe kriminalitet.

– Eg forstår behovet for raskare reaksjonar, men vi kan ikkje «outsourc​e» rettsstaten til vektarselskap, seier medlem av Justiskomiteen, Hans Edvard Askjer (KrF).

– Å ilegge gebyr er i praksis ein straffereaksjon, da må rettssikkerheita vere krystallklar. Det er ei farleg utvikling viss private aktørar får ein slik myndigheit.

Publisert 30.06.2026, kl. 07.47

Схожие новости

#Наименование новостиТональностьИнформативностьДата публикации
1VM-rusen tok av – så kom dagen derpå0501-07-2026
2Dette kan bli forbudt: – Hvor går grensa?0530-06-2026
3«Tror du att du och jag har en chans mot alla andra?»5701-06-2026
4Uppgifter: Villa uppvaktar norska landslagsmannen0517-06-2026
5INSÄNDARE: En bil. En gest. En mindre irritation.0202-07-2026
6Oslo jaget båteiere – nå søker de nødhavn andre steder-3602-07-2026
7Noen skal seile til Mexico, mens andre vil ha ro samling på torvet. Se fredagens Midtnytt0503-07-2026
8Entreprenøren snur: Utsetter nattestengt E100727-06-2026
9– Dette er å leke med doping07.9723-07-2026
10I Norge rister vi på hodet og ler litt av kaoset. I Senegal er det ingen som ler.0520-06-2026

Классификация: Международные. Схожих патентов: 0. Схожих новостей: 10. Тональность: 0. Информативность: 5. Источник: www.nrk.no.