Вход на сайт

Просмотр новости

Найдите то, что Вас интересует

No kan du foreslå medlemmer til Forskingsrådets porteføljestyre for forsvarsevne, tryggleik og beredskap

Дата публикации: 24-10-2025 11:33:55

Forskingsrådet opprettar eit nytt porteføljestyre som skal styrkje kunnskapen om forsvarsevne, tryggleik og beredskap. Fram til 14. november 2025 kan du foreslå kandidatar til styret, som startar arbeidet sitt etter nyttår.

Основное содержимое страницы с новостью.

Forskingsrådet opprettar eit nytt porteføljestyre som skal styrkje kunnskapen om forsvarsevne, tryggleik og beredskap. Fram til 14. november 2025 kan du foreslå kandidatar til styret, som startar arbeidet sitt etter nyttår.

– Den geopolitiske situasjonen har endra seg stort dei siste åra. Vi treng meir forsking på ei rekkje tema knytt til forsvarsevne, tryggleik og beredskap, og det er avgjerande at sivile forskingsmiljø bidreg meir aktivt og samarbeider tettare med relevante aktørar. Derfor opprettar vi eit eige porteføljestyre på dette området, seier Mari Sundli Tveit, administrerande direktør i Forskingsrådet. 

Kva gjer porteføljestyret?  

Porteføljestyra er underlagde Forskingsrådets styre. Porteføljestyra skal gi råd om heilskapen i Forskingsrådets arbeid, og gjere vedtak om tildeling av midlar.  

Det nye porteføljestyret skal bidra til målretta forsking og utvikling som styrkjer Noregs forsvarsevne, tryggleik og beredskap. Styret skal mellom anna: 

  • Gjere heilskaplege vurderingar og analysar, inkludert behandling av skjermingsverdig informasjon. 
  • Gi råd om satsingar til Forskingsrådets styre og administrasjon. 
  • Ha ansvar for eigne investeringar og samarbeide med andre porteføljestyre. 
  • Styrkje norsk forsking og innovasjon som er viktig for både Forsvaret og sivile styresmakter. 
  • Kople forskingsmiljø tettare med styresmakter og brukarar av kunnskap, og sikre rask tilgang til ny innsikt. 
Samansetning og kompetanse

Porteføljen omfattar forsking som både styrkjer Forsvarets eigne kapasitetar og den sivile støtta innanfor totalforsvaret. Temaet er sektorovergripande, og det er viktig å utnytte moglegheitene for sivilt-militært samarbeid og tverrsektoriell kunnskapsutvikling. Styret skal også fremje norsk deltaking i internasjonalt forskingssamarbeid, mellom anna i EU og NATO. 

Det er ønskjeleg at medlemmene i porteføljestyret har god kjennskap til breidda av utfordringar og kunnskapsbehov knytt til forsvarsevne, tryggleik og beredskap. Samla sett bør styret ha kompetanse og erfaring innan: 

  • Forsvarssektoren 
  • Totalforsvaret, og sivilt militært samarbeid 
  • Forskings- og innovasjonssystemet 
  • Nasjonale og internasjonale utviklingstrekk 
  • Formidling og bruk av forskingsbasert kunnskap 

Medlemmene må kunne vurdere behovet for når kunnskap bør skjermast eller graderast. Dei blir utnemnde på bakgrunn av personlege kvalifikasjonar, og skal ikkje representere institusjonar eller organisasjonar. Medlemmene blir utnemnde for to år. Erfaring frå forsvarssektoren, offentlege tryggingsstyresmakter, andre offentlege verksemder, forskingsinstitusjonar, frivillig sektor og næringsliv er ønskjeleg. 

Det er også mogleg å foreslå medlemmer frå allierte land, føresett at dei meistrar eit skandinavisk språk. 

Tryggleiksklarering og habilitet 

Medlemmene må kunne tryggleiksklarerast til minimum nivå HEMMELEG (nasjonal tryggleiksklarering). For å sikre eit vedtaksført styre, må minst halvparten av medlemmene vere habile i sakene som blir behandla. Dette vil bli teke omsyn til ved samansetninga. 

Slik foreslår du medlemmer  

Send forslag via dette skjemaet. 
 
Alle opplysningar blir behandla i tråd med offentleglova, personopplysningslova og anna regelverk for personvern. 

Her finn du meir informasjon om porteføljestyra og mandat

Схожие новости

#Наименование новостиТональностьИнформативностьДата публикации
1Nytt porteføljestyre for forsvarsevne, nasjonal sikkerhet og beredskap0528-04-2025
2Porteføljestyret for forsvarsevne, sikkerheit og beredskap har hatt første møte0511-03-2026
3Slik blir Forskningsrådets nye porteføljestyre for forsvarsevne, sikkerhet og beredskap0511-12-2025
4Nå starter jakten på årets forskningsformidler2511-06-2025
5Erklæring fra Norges forskningsråds styre om konsekvenser av situasjonen for forskning i USA0528-04-2025
6Forskingsrådet avviklar rundsumsatsen0517-11-2025
7Når kjem utlysingane for Forskarprosjekt og Samarbeidsprosjekt (KSP)?0526-01-2026
8Ny karakterskala og endringar i relevansvurderinga0521-11-2025
9Open Research Europe søker 20 medlemmer til sitt Scientific Advisory Board0518-06-2026
10Justerte regler for karantene i FRIPRO0510-12-2025

Классификация: Наука. Схожих патентов: 0. Схожих новостей: 10. Тональность: 0. Информативность: 5. Источник: www.forskningsradet.no.